Hopp til innhold

Geir Eithun sikra Norge OL-bilett

Førdianaren Geir Eithun og makkeren Iver Horrem sikra Norge OL-bilettar til London. Dei to spelte tre stråande volleyballkampar i Tyrkia, men om dei får reise til OL, er enno ikkje avgjort.

Geir Eithun
Foto: Joao Pires / FIVB.COM

Dei to parhestane Eithun og Horrem spelte søndag turnering i tyrkiske Alanya, med eit mål: Å sikre Norge bilett til OL i London. Og skulle det skje, måtte dei to spele opp mot sitt aller beste og vinne Norge sine kampar.

– Vi spelte veldig bra, og er glade for å kvalifiserer Norge til OL, seier førdianaren Eithun. Dette er nokre av det største vi har opplevd. Vi møtte blant anna Nederland, og det som skjedde i sanden var berre heilt fantastisk.

No kryssar Eithun fingrane for OL-bilett og klarar dei det ikkje i år, skal dei klare det i 2016.

Kven som får reise er enno ikkje avgjort, men Tarjei Skarlund og Martin Spinnangr er Norge sitt førstelag i sandvolleyball.

– Sjølv om Tarjei og Spinny er Norges førstelag er det ikkje automatisk dei som reiser til OL. Dette blir det teke ei totalvurdering på, og den skal gjerast grundig. Vi må sjå på situasjonen til de to laga, det handler om kven vi trur kan gjere det best for Norge i OL, seier ein hemmelighetsfull landslagssjef Jon Grydeland etter kampslutt, til NRK.

– Det har ikkje heilt gått opp for oss kva vi gjorde utpå bana i dag, tre strake sigrar er heilt fantastisk. No skal vi ut og ete middag, og så spørs det om det ikkje blir eit glas Champagne eller to.