Gaularkvinne får Stortingsplass
Sogn og Fjordane fekk ingen inn i regjeringsapparatet i dag, men fekk på eit vis ein ny stortingsrepresentant. Torhild Aarbergsbotten frå Høgre rykker opp til fast representant for Sør-Trøndelag etter at Linda Hofstad Helleland vart kulturminister. Aarbergsbotten kjem opprinneleg frå Sande i Gaular, og bur no i Ørland. Ho er gruppeleiar på fylkestinget i Sør-Trøndelag.