Hopp til innhold

Legg ut på langtur

To nordfjordingar startar på turen Nordkapp- Lindesnes i morgon.

Går Norge på langs

Foto Svein Nesbakk

Stig Ove Nesbakk og Sveinung Hjelle har prata om det i fleire år, men først i morgon tysdag blir det realitet: Nordfjordingane startar norgesturen på langs- med start på Nordkapp- og mål i Lindesnes.

- Vi tenkte det ville vore ein fin måte å vere ute på, fortel Nesbakk på telefon i frå Gardermoen.

Går Norge på langs

Foto Svein Nesbakk

Nesbakk og Hjelle venter mandag føremiddag på flyet som skal ta dei fram til Alta, før dei etter planen skal haike eller busse vidare det siste stykket fram til Nordkapp.

- Planen er å starte turen i morgon, tysdag ifølge Nesbakk.

- Vi må nok gå oss litt i form

Etter eit halvt år med planlegging kor alt av utstyr, sponsorar, mat, val av rute og så vidare er blitt lagt, er 23-åringane frå Eid klare. Iallefall sånn nokonlunde.

Går Norge på langs

Utstyret må vere på plass. Foto Svein Nesbakk

- Korleis er forma?

- Jo altså vi har jo trent litt, det har blitt nokre turar på fjellet med sekk, men vi må nok gå oss litt i form også. Vi får starte roleg!

- Håpar vi er heime til jul

Ettersom turen ikkje er av det kortaste slaget, er det ifølge Nesbakk vanskeleg å berekne tida dei kjem til å bruke på norgesturen.

- Men vi håpar vi kjem heim til jul om tidsskjemaet på fire månadar held.