Hopp til innhold

Går imot freding av vegar

Fylkesutvalet går imot freding av Strynefjellsvegen og rv 606 i Solund.

Gamle og nye Strynefjellsvegen
Foto: Ottar Starheim / NRK

I Nasjonal verneplan for vegar, bruer og vegrelaterte kulturminne, er det føreslege freding av tre strekningar i Sogn og Fjordane.

Det er rv 15 over Strynefjellet, gamle Strynefjellsvegen og rv 606 som er hovudveg til kommunesenteret i Solund.

Vikig samband

Fylkesutvalet går imot freding av samtlege vegstrekningar.

Om rv 15 over Strynefjellet seier fylkesutvalet at det er eit viktig samband mellom aust og vest:

- Det er eit stort behov for opprusting av vegen og utsprossing av tunnelane. Eventuelt vern må ikkje vere til hinder for å utvikle rv 15 til eit tenleg vegsamband i framtida.

Fylkesutvalet meiner gamle Strynefjellsvegen må vidareutviklast som nasjonal turistveg.

Tidlegare har kommunestyret i Stryn sagt nei til freding av gamle Strynefjellsvegen og riksveg 15 Strynefjellsvegen .

Einaste veg til Solund

Riksveg 606 mellom Krakhella og kommunesenteret Hardbakke i Solund vart bygd i 1960, og kan også bli freda av Riksantikvaren.

- Det er i dag store problem med framkomst for bussar og tungtrafikk. Eit vern kan vere med på å avgrense utviklinga i Solund, og fordyre og vanskeleggjere naudsynt opprusting av vegar, heiter det i fråsegna frå fylkesutvalet.