Hopp til innhold

Fekk 300 000 kroner til film

Filmen "Framtidsfylket Sogn og Fjordane" skal marknadsføre fylket som ein attrakttiv plass å bu og arbeide i.

Strynefjellet Sommarski

Filmen 'Framtidsfylket Sogn og Fjordane' skal lokke folk til fylket.

Foto: NRK

Det er hovudutvalet for plan og næring som i dag løyvde 300 000 kroner til filmen "Framtidsfylket Sogn og Fjordane".

– Skal ein treffe ungdom, så gjer ein ikkje det med eit rundskriv. Og det er ungdomen vi er ute etter, seier utvalsleiar Kjartan Longva, om kvifor dei valde å støtte filmen.

Filmen er eit samarbeidsprosjekt mellom blant andre fylkeskommunen, Framtidsfylket og NHO og skal marknadsføre Sogn og Fjordane som eit attraktivt fylke å bu og arbeide i.

– Politikarane har skjønt poenget

Dagleg leiar i Framtidsfylket, Anne van Oorschot seier ho er veldig fornøgd med at politikarane har skjønt at filmen er viktig.


– Longva har tatt poenget når han seier at ungdomane ikkje blir nådde med eit rundskriv. Film er eit moderne medium som seier så mykje meir enn berre ord.

van Oorschot seier det i dag ikkje finst ein oppdatert film som viser kvalitetane ved fylket.

– Vi ønskjer å vise at i Sogn og Fjordane er det mogleg å både ha ein spennande jobb og eit godt liv, seier van Oorschot.

Korte snuttar på You Tube

Premieren på filmen vil vere på Framtidsfylket sine messer i februar. Filmen som vil bli på om lag seks minutt skal bli gjort tilgjengeleg for alle verksemder i fylket slik at dei kan legge vise den på sine nettsider.

– Slik kan verksemdene vise fram k va fylket har å by på for potensielle arbeidstakarar som ikkje kjenner til fylket, forklarar van Oorschot.

Små snuttar vil også bli lagt ut på You Tube.

Manglar framleis pengar

Løyvinga frå fylkeskommunen ga grunnfinansieringa til filmen, som har eit budsjett på om lag 900 000 kroner. No vil van Oorschot på friarferd til næringsverksemder i fylket for å skaffe meir støtte.

Det er frå potten med regionale utviklingsmidlar pengane kjem.

– Det var eit viktig signal at fylkeskommunen vil vere med å ta ein del av kostnadane, så no trur eg det vil bli enklare å få med andre aktørar òg, seier van Oorschot.


I veke 39 blir det klart kva filmselskap som skal lage filmen.

Delte ut 800 000 kroner

Hovudutvalet løyvde også pengar til ei rekkje andre prosjekt. Blant desse er Nærøyfjorden Verdsarvpark som får eit tilskot på 400 000 kroner til prosjektet "Verdiskaping skjer i møtet", og Vestlandsforsking som får 100 000 kroner til forskingsprosjektet "Andre generasjon reiseliv i Distrikts-Norge".