Hopp til innhold

Fylkesmannen vurderer politimelding

Eigaren av bossplassen i Bremanger kan bli meldt til politiet neste veke. Det bekreftar fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal.

Flasker med plantevernmidlar ved Nybø gjenbruksstasjon i Kalvåg

Nøyaktig same flasker med plantevernmidlar vart også funne ved kontroll i 2006 - maks lagringstid for motteke farleg avfall er seks månadar.

Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane/Miljøvernavdelinga

Under ein inspeksjon ved Nybø gjenbruksstasjon i Kalvåg, fann fylkesmannen både kreftfarleg avfall og det livsfarlege stoffet cyanid. Stoffet har lege ope i fleire år.

LES OG: Fann cyanid på open avfallsplass

- Det viktigaste i første omgang er at avfallsplassen vert rydda opp, og at rutinane kjem på plass, seier Yndesdal.

- Grensa er nådd

Naboane til gjenbruksstasjonen er sjokkerte over funna.

- Det er heilt forferdeleg at det skal vere stoff som kan lage blåsyre på området. Då synst eg grensa er nådd, seier Marit Nigarsøy som eig området der avfallsplassen.

Blåsyre kan ha dødeleg effekt. Det som gjer saka i Bremanger ekstra alvorleg er at cyaniden stod lagra saman med syre - ein kombinasjon som kan utvikle livsfarleg blåsyregass.

- Blåsyre vart brukt under 2. verdskrig for å utrydde menneske, seier Yndesdal.

Krev grunnen reinsa

Familien som eig området der mottaksanlegget ligg, vil no krevje at grunnen blir reinsa.

- Eg har ei mor som bur der framleis. I dag ringte ho og ho var veldig engsteleg. Ho tenker nok tilbake til krigen og det å ha slike stoff på eigedommen sin, det er slikt ein helst ikkje vil ha.

Det er Nordfjord Miljøverk (NoMil) som har ansvaret for drifta. Dagleg leiar Svein-Ottar Sandal vedgår driftsvanskar og seier at NoMil-styret allereie før inspeksjonen hadde vedteke å avvikle plassen.