Hopp til innhold

Fylkeskommunen fekk nynorskpris

Sogn og Fjordane fylkeskommune er kåra til Årets nynorskkommune 2012.

Åshild Kjelsnes får prisen på vegne av Sogn og Fjordane fylkeskommune.

GLAD: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes tok imot prisen på vegner av Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Foto: Kommunal- og regionaldepartementet

Fylkeskommunen får prisen for å vere eit sterkt nynorskfylke som har løfta nynorskbruken opp på eit politisk overordna nivå. Prisen er på 100 000 kroner og eit bilete.

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete overrekte prisen til fylkesordførar Åshild Kjelsnes under ein seremoni i Oslo tysdag 4. desember.

– Eg er svært glad for denne prisen. Eg tykkjer faktisk vi fortener han. Vi er opptekne av å fremje nynorsken, og vi har vedteke ei språkpolitisk satsing for å styrkje posisjonen til nynorsken, seier fylkesordføraren.

Politisk vilje

Juryen meiner Sogn og Fjordane skil seg ut blant søkjarane og trekkjer fram at fylkestinget har slutta seg til konkrete mål for nynorsken og ein strategi for å nå desse.

Juryen roser også fylkeskommunen for å ha etablert eit nynorsk forum og meiner det viser politisk vilje.

Juryen meiner dette er ein føresetnad for å fremje nynorskbruken i fylket. Juryen merkjer seg at Sogn og Fjordane fylkeskommune er seg svært medviten den rolla dei har som eit sterkt nynorskfylke og at dei har ambisjonar på nynorskfeltet utover fylkesgrensa, heiter det i grunngjevinga.

Stor verdsetjing

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes er stolt av prisen, og meiner han er til inspirasjon i det vidare arbeidet.

– Dette betyr at arbeidet vårt vert verdsett. Det er ein pris eg er kry over at fylket vårt har fått. Prisen er ei stor inspirasjonskjelde for alle som er opptekne av det flotte nynorske språket, og som vil det skal ha ei levande og rik framtid, seier ho.

Kjelsnes er oppteken av at Sogn og Fjordane har ei spesiell rolle som nynorskfylke.

Nynorsk står sterkt

Rapporten «Språkfakta Sogn og Fjordane 1646–2012» viser at nynorsken står sterkt, og at nynorskbruken er stabil i Sogn og Fjordane.

– Vi har ei spesiell rolle som nynorskområde, og det forpliktar. Vi ser klåre tendensar til ei utvikling som må møtast med tiltak om vi vil at nynorsken skal ha ei like sterk rolle her i framtida. Fylkesrådmannen vil blant anna lage ein eigen språkbruksplan for fylkeskommunen for at vi skal vere bevisste på rolla vår, fortel Kjelsnes.

– Viktig med aktiv bruk

Det er første gong at prisen blir delt ut til ein fylkeskommune. Navarsete gav prisvinnarane frå heimfylket hennar sine varmaste gratulasjonar.

Statsråden trekte fram Sogn og Fjordane som eit nynorskfylke med høge ambisjonar for det nynorske språket.

– Nynorsk er del av den nasjonale kulturarven vår. Språk er eit identitetsskapande verkemiddel og nynorsken er under press. Difor er det viktig å arbeide vidare for å styrkje og oppretthalde nynorskbruken. For at vi kan lukkast med det, er det viktig at det offentlege brukar nynorsk aktivt i tenestene sine. Eg skal ikkje leggje skjul på at eg set ekstra pris på at juryen har kåra heimfylket mitt til Årets nynorskkommune 2012. seier Navarsete.