Hopp til innhold

Full utrykking etter alarm i tunnel

Natt til søndag var det full utrykking til Borgundtunnelen på E16 i Lærdal. Alarmen gjekk då det blei fjerna eit brannsløkkingsapparat.

Borgundtunnelen på E16

FULL ALARM: Det blei ei stor utrykking til Borgundtunnelen då alarmen gjekk natt til søndag. (Arkivfoto)

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

–Dette er ei alvorleg melding som naudetatane reagerer spontant på, seier operasjonsleiar Hans Petter Harlem i politiet.

Det var i halv tre-tida i natt at brannvesen, ambulanse og politi rutinemessig rykka ut. Alarmen går automatisk når eit av dei fastmonterte apparata blir fjerna. Då mannskapa kom fram, var det ingenting som tyda på verken uhell eller brann. Europavegen var stengd i ein halvtime på grunn av dette.

Politiet ber no om tips frå publikum dersom nokon har sett at apparat blir fjerna utan grunn.

– Dette har etterkvart blitt eit omfattande problem og fører til mange unødige og kostbare utrykkingar, seier Harlem.

Han tykkjer det er sterkt beklageleg at personar tek bort slikt tryggingsustyr som medfører stor utrykking.

– Dette er også eit grovt tjuveri, seier han.