Sogndaltrenar Jan Halvor Halvorsen gav ny tillit til dei elleve som starta i seriepremieren mot Stabæk forrige helg, og dei var best på Bryne stadion.
27 minuttar ut i 1. omgang tok Sogndal leiinga. Håvard Flo fekk eit innlegg frå Christian Kalvenes som han heada sikkert i mål.
Sogndølene ville mest, skapte flest sjansar, og var best teknisk. Laget vann dei fleste duellane både framover og bakover på bana. Heimelaget fikk lite eller ingenting til, men kunne ha skåra på eit par store sjanser midt i 2. omgang.