Hopp til innhold

Full klaff med brøl

Takka vera spesielle eigenskapar fekk Fitjar-ordføraren full utteljing på hjortejakta.

Harald Rydland
Foto: Ingrid Hognaland / NRK

Tysdag kveld denne veka var ordførar Harald Rydland på hjortejakt.

– Eg gjekk ut på jakt etter at månen var komen opp, då var det fint vêr og godt lys, og då høyrde eg ein del hjortar som låg og brølte i skogen litt bort forbi der eg hadde lagt meg på lur, seier Rydland.

Har høyrd på hjorten i fleire år

Sunnhordland fortel i dag om ordføraren sin spesielle jakttaktikk; å etterlikna ein brunstig hjort.

– I oktober-november, når det er brunsttid, er ein av metodane hannhjortane bruker for å skaffa seg revir å brøla til kvarandre. Då skal dei testa kvarandre, og ofte endar det i slåsskampar, forklarer Rydland til NRK Hordaland.

Ordføraren bur nær skogen og har høyrd desse lydane i fleire år.

– Eg høyrde desse hjortane som brølte og tenkte eg skal prøva eg, og så byrja eg og å brøla, seier Harald Rydland.

HØYR: Ordføraren sitt hjortebrøl

– Er det vanleg å gjera slikt på hjortejakt?

– Det er ein kjent metode. Det er mange som har brukt det før, men det er ikkje alltid det verkar.

– Heldigvis få som høyrer på

– Føler du deg litt dum når du skal byrja med dette?

– Heldigvis er det ikkje så mykje folk som står og høyrer på, ler Rydland.

Etter å ha brølt høyrde Rydland ein hjort som var ca. ein kilometer unna han.

– Neste gong eg brølte kom han litt nærare, og så venta eg litt til og då såg eg han plutseleg 100 meter frå der eg sat. Då kom han i mot meg og skulle sjekka kva type dette var, seier Fitjar-ordføraren.

Den første av tre

Då hjorten var 100 meter unna sette Rydland i eit brøl til, og hjorten kom endå nærare.

– Ca. 30 meter i frå meg stoppa han, og så sette han breisida til, og då small det. Så sprang han ca. 70 meter med knust hjarta før han deiste i bakken.

Rydland har løyve til å ta tre hjortar. Hjorten tysdag kveld er den første av desse tre.

– Dei neste dyra eg har løyve på er ei kolle og ein kalv, og då fungerer det ikkje med denne metoden. Då får me legga oss på lur i skogen og sjå om me ser dei, eller luska oss inn på dei, seier Harald Rydland.

HØYR INTERVJUET: Ordførar Harald Rydland fortel jakthistoria