Hopp til innhold

Full forvirring om butikknedlegging

Eigaren av Førde storsenter visste ikkje noko om at Ica Maxi legg ned.

Førde storsenter

ICA Maxi held til i Førde storsenter.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Matvarebutikken Ica Maxi på Førde storsenter stengjer butikken frå 1. september.

Måndag kveld vart dei 42 tilsette orienterte om at dei mistar jobben. Årsaka er manglande omsetnad og støtte frå eigarane av senteret.

Har kontrakt til 2016

Styreleier Jon Erik Olstad ved storsenteret seier at han ikkje var orientert om stenginga og at det er uheldig å få informasjon gjennom media.

- Eg tykkjer det er hastig å gå ut på denne måten i lokalmiljøet utan å snakke med oss som sit i leiinga ved senteret no. Det er høgst uvanleg at dette blir gjort.

ICA Maxi har kontrakt med senteret til 2016, og Olstad seier dei vi vil krevje at kjeden står ved denne kontrakten.

- No skal eg ta kontakt med dei andre i styret og eg vil sjølvsagt kontakte ICA.

- Var informert

Kjededirektør Dag Halvorsen ved ICA seier at styret for senteret var informert.

- Vi har hatt dialog i tre år og har hatt mange møter for å fortelje korleis vi har sett på situasjonen.

- Så du meiner at styreformannen var informert?

- Vi har hatt ein dialog med dei gjennom det heile.

Tom kjøpesenter

Halvorsen seier dei legg ned fordi det berre er matvarebutikken og Nille igjen i kjøpesenteret .

- Det som skulle vere eit kjøpesenter er nærast tomt. Etter fleire lovnader frå senteret, har ikkje senteret blitt fyllt opp igjen med butikkar. Difor ser på det som eit kontraktsbrot at vi er åleine der.

Vurderer å bryte kontrakten

Han seier dei har brukt store ressursar på å marknadsføre senteret og butikken vår.

- No flyttar vi ut og lokala blir tomme. Men vi vil vurdere om vi vil bryte kontrakten, og det jobbar vi med no.