Hopp til innhold

Full forvirring blant flypassasjerar

Både passasjerar og flyselskap er fortvila over uvissa om når flyplassane opnar att.

Widerøe på Førde lufthamn

Det er ein travel dag for Agnete Smelvær Burn ved Førde lufthamn Bringeland.

Foto: Astrid Marie Grov / NRK

Tilsette i Widerøe kan fortelje om stor pågang frå usikra passasjerar.

Fortvilande å ikkje vite

– Det er klart det er fortvilande for både oss og passasjerane. Folk hadde jo trudd at det hadde opna seg att no, seier Arild Vindheim ved Widerøe på Førde lufthamn Bringeland.

Sjølv om flyplassen er nesten tom, kan dei tilsette fortelje om svært stor pågang på telefon frå ventande flypassasjerar.

– Folk lurer på om me veit noko lenger enn prognosane. Det er vanskeleg med uvissa, for me kan jo sende folk av garde, men det er meir usikkert om dei kjem seg heim, seier Agnete Burn i Widerøe.

Uvisst når ho kjem seg heim

Elsi Mittermeier frå Tyskland har vore på besøk hjå dottera i Førde, og skulle eigentleg reist heim på måndag.

Mittelmeier

Else Mittermeier (t.v.) med dottera Elisabeth og barnebarnet Evelin.

Foto: Astrid Marie Grov / NRK

No blir heimreisa til München utsett på ubestemt tid, og situasjonen er ekstra vanskeleg i og med at ho skal med eit korresponderande fly frå Oslo.

– Flya går jo frå Oslo til München, men ho kjem seg ikkje herfrå til Oslo. Eg synst slett ikkje det var ille at ho måtte bli lenger hjå oss, men ho byrjar jo å få heimlengt no, fortel Elisabeth Mittelmeier.