Hopp til innhold

Fryktar seismikk øydelegg fisket

Makrellfiskarane utanfor kysten av fylket kom i dag til land med tome båtar.

Samleband for makrell

FRYKTAR DÅRLEG FISKE: Fiskarane trur at dei vil få mindre makrell med seg til land.

Foto: NRK

Både landindustrien og fiskarane taper no store pengar, heile den fyrste veka av makrelldorgefisket kan vere spolert. Skulda får oljeleitinga utanfor kysten av fylket - der den seismiske skytinga er framleis ikkje avslutta. Det er sterk frustrasjon i hamna i Måløy.

– Det er eit svart hav, for det var ingenting. Vi låg og drog frå halv fem om morgonen til halv eitt før vi gav oss, Det var ingen vits å halde på lenger, seier ein av fiskarane.

– Ingen vits å leggje ut

På rekke og rad ligg sjarkane ferdig klargjort til å drive makrellfiske, men nesten ingen meiner det er vits i å legge ut på i dag. Oddvar Eriksen og Trond Thorsen fiska med båtane sine i heile går, lusne 30 kilo med makrell var fangsten, vanlegvis skulle det vore ein 5-6 tonn. Og det er skytinga etter seismikk som får skulda.

– Vi fryktar det er det som gjer det. I fjor var det mykje makrell der.

Skyt kraftige lydbølgjer

I går starta dorgefisket etter makrell utanfor Vestlandet. Vel hundre sjarkar frå heile landet deltek, problemet er at store delar av fisket pågår i same områda som Olje- og energidepartementet har gitt to oljeselskap løyve til å drive med såkalla seismisk skyting i sjøen tett ved land i Sogn og Fjordane.

Seismikk går ut på å skyte kraftige lydbølgjer i havbotnen for å undersøke om det fins olje eller gass.

Ketil Ramsevik

Ketil Ramsevik fekk berre 200 kg fisk, vanlegvis kunne det vore 5 tonn.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Fekk 200 kilo

Både Fiskeridirektorat og Havforskingsinstituttet har frårådd oljeleiting i dette området no på seinsommaren, men oljeselskapa fekk likevel løyve.

Til kaia kjem Ketil Ramsevik med nesten tom båt. Han meiner det er rart at styresmaktene ikkje er samde, sjølv fekk han berre 200 kilo makrell.

– Eg trur ikkje det er samarbeidd mellom direktorata. Det ser i alle fall ut til at oljedirektoratet har størst makt, meiner han.

– Vi jobbar med saka

I fleire dagar har det pågått hektisk aktivitet frå Fiskarlaget for å prøve å få stoppa seismikkskytinga. Og no signaliserer Olje -og energidepartementet at oljeleitinga kan verte stogga. Statssekretær Eli Blakstad seier dei jobbar med denne saka.

– Vi ventar på tilbakemelding frå fiskeridirektoratet via vårt oljedirektoratet. Vi er godt kjende med det som har skjedd og jobbar med saka.

– Kunne dette vore ordna opp i før?

– No er det ikkje slik at makrellstimen kjem på ein viss dato, så her må det vurderast frå år til år.

Makrellfiskarar ved kai i Måløy

Fleire båtar ligg til kai i Måløy etter at makrellfisket starta med bomturar.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Lite å gjere ved fiskemottaka

Men fiskarane meiner det hastar og at saka burde vore avklart for lengst. Alt i september kan vêret vere for dårleg for sjarkfiskarane og sjølv om oljeleitinga vert stogga, kan det ta fleire dagar før makrellen sig inn att i området.

Ved Måløy Seafood står 18 tilsette klare til å ta i mot makrellen. Fabrikksjef Roger Skavøypoll seier dei får lite å gjere i dag.

– Så dårleg har det aldri vore tidlegare. At tre båtar ikkje får fangst og seks andre får 600-700 kilo, har ikkje skjedd før. På ein god dag får vi vanlegvis 120 tonn.

Slik er også situasjonen ved Norway Pelagic i Kalvåg i Bremanger. Fabrikksjef Per Røys seier det er heilt stille.

– Det har vore ein begredeleg start. Eg fryktar at seismikkskytinga har skulda. Eg såg tendensen har allereie på kvitfisken i mai. Det var godt tilsig på fleire fiskar, men då aktiviteten starta, forsvann all fisken.

Ein tredel av inntekta

Tilbake til kaia i Måløy er Ketil Ramsevik frå Vågsvåg så oppgitt at han nesten ikkje finn ord. Makrelldorgefisket utgjer ein tredjedel av årsinntekta, sjølv om oljeleitinga vert stoppa denne veka kan det ta dagevis før makrellen sig på igjen.

– Heile sesongen kan vere øydelagd. Det veit vi ikkje endå, seier han.