Hopp til innhold

Fryktar renn av telefonar

Sjukepleiarar i kommunane fryktar folk vil ringe dei privat når vaktsamarbeid gjer at legen er tre timar unna.

Kvinne i telefon
Foto: Cathrine Oftedahl / NRK

- Eg trur det vert ein terskel for dei å ringe like til Førde og snakke med legar der som dei ikkje kjenner. Spesielt dei eldre som eg har med å gjere kjem til å vegre seg. Eg er spent på om det blir slik det var for mange år sidan då dei ringte til meg i staden og spurte om eg kunne sjå på dei for å finne ut om dette var noko å ringe for, seier Gunnveig Hillersøy, avdelingsleiar for heimetenesta på Bulandet og Værlandet.

Ein lege på 33.000 personar

Frå april skal ein lege i Førde ha vakt for 33 000 innbyggjarar.

Med betre ambulanseteneste er det lettare å få legehjelp i Askvoll, men når felles legevakt skal innførast i Sunnfjord og Ytre Sogn, må folk frå øyane reise i tre timar til lege i Førde. Hillersøy meiner det er eit tilbakesteg for innbyggjarane.

- Om ein pasient til dømes har feber og lurer på om han har lungebetennelse. Då må legen undersøke dei, og dei kan ikkje vente frå fredag til måndag når legane i Askvoll er på jobb att, seier Hillersøy.

- Kan bli eit problem

Omsorgssjef i Askvoll Anne-Lise Andersen er samd i at det er langt å reise til Førde for å få konstatert lungebetennelse, men ser ikkje noko løysing på problemet.

- Om det blir slik at dei som ikkje er på vakt får mange oppringingar får ein ta det opp og kome fram til korleis ein taklar slike tilfelle, seier Andersen

Gunnveig Hillersøy ser ikkje lyst på at ho kan bli den folk ringer til for å få hjelp.

- Det er ei belastning. Me jobbar frå ni til tre måndag til fredag og har inga vaktordning elles. Så det blir ei belastning for meg, seier ho.