Hopp til innhold

Bygda opplever vekst, men kommunen vurderer å leggje ned skulen

Innbyggjarane på Ytre Stadlandet fryktar grendaskulen deira kan bli historie når Selje kommune kjem i land med nye konsekvensutgreiingar.

Jon og Helle Frogner, saman med vesle Sara.

TILFLYTTARAR: Jon og Helle Frogner, her saman med vesle Sara, flytta til Ervik. No kan Ytre Stadlandet miste grendeskulen sin.

Foto: Birger Meland / NRK

Foreldre Arbeidsutvalet, husstyret ved skulen og bygdefolket kjempar no saman for å berge skulen.

– Folket på Ytre er veldig opptekne av at vi framleis skal ha både skule og barnehage. Vi ser den positive veksten som har vore siste åra, og den ynskjer vi skal halde fram, seier leiar for husstyret ved skulen, Marita Årevik.

Positiv utvikling

For Ytre Stadlandet har opplevd vekst dei siste åra. Både i form av auka næringsliv og ikkje minst fleire innbyggjarar. Men no som Selje kommune må spare pengar, har dei også kasta sine auge på skulen.

Jon Frogner, FAU-leiar ved skulen, seier det ikkje var i hans planer då han flytta til Ervik.

– Vi valde Ervik, Ytre Stad og Selje kommune fordi her har vi den kombinasjonen som gir oss tid til familie, tid til aktivitetar og moglegheit til å skape jobb. Då er skulen heilt avgjerande, seier han.

Vil stogge prosessen

– Når ein er forelder og ynskjer borna sitt beste så ynskjer ein at dei skal kunne sykle og gå til skulen og ikkje bruke tida på unødig transport. Som også kan vere risikabelt, legg han til.

Difor har han også engasjert seg i saka og håpar å kunne medverke til at politikarane snur medan «leiken er god».

– Det var skikkeleg nedtur å forstå, etter at vi flytta hit, at kommunen har store økonomiske vanskar. Då har ein valet å reise frå problemet, eller vere med å løyse dei. Vi vel det siste, seier han.

Ser ikkje noko vinst

Marita Årevik

VIL SNU: Marita Årevik meiner Ytre Stadlandet vil miste mykje positivt om grendeskulen forsvinn.

Foto: Birger Meland / NRK

Det vil også Årevik i husstyret vere med på. Saman med FAU og bygdefolket, ynskjer dei å synleggjere den positive utviklinga som Ytre Stadlandet no opplever.

Dei gir seg ikkje utan kamp.

– Så lenge eg har budd her, så har det vore snakk om nedleggingar og nedleggingar på Ytre Stad. Denne skulen bestemte vi oss for at vi ville ha, bygde den delvis på dugnad sjølve og har lån på den på bygda. Det har ført veldig mykje positivt med seg med at vi har fått dette til og vi ser ikkje noko som helst positivt for kommunen at dei legg den ned, seier ho.

Ynskjer forskrift

Ordførar Ottar Nygård (Tverrpolitisk liste) seier politikarane ikkje har bestemt seg for nedlegging, men vedgår at dei no skal sjå på korleis oppvekstplanen for kommunen skal vere.

Då også å vurdere om og kva skular som må vekk.

– Vi ser på inntektene og utgiftene, i det heile korleis driftar kommunen. Vi er nøydde til også å sjå på skulane. Difor vil vi lage ei forskrift der vi ser på skulekrinsane i Selje, og i etterkant utarbeide ein plan for oppvekst og kvalitet i skular og barnehagar, seier han.

Har to modellar

Kommunen har to modellar å gå ut ifrå, ein der skulane i kommunen blir redusert frå fire til tre.

Og ein der ingenting blir lagt ned. Han vågar ikkje å seie noko om kor mykje ein vil spare på å leggje ned.

– Det har ikkje vore gjort nøyaktige reknestykke, berre anslag, seier han.

Forstår frykta

– Men forstår du at folk som brukar skulen reagerer sterkt på at den er i fare?

– Ja, det forstår eg veldig godt. Men no skal dette greiast ut, så får ein sjå på kva vinstar som ligg der.

Som første organ hadde driftsutvalet nyleg oppe om ein skal greie ut den framtidige skulekrinsen i kommunen. 28. november tek formannskapet stilling til det same spørsmålet, før kommunestyret fattar det endelege vedtaket.