Hopp til innhold

Frykta skiløparar var i trøbbel

Seint i går kveld vart tre skiløparar meldt sakna i fjella i Luster. Turfølgjet hadde ikkje kome attende etter turen dei la ut på tidleg på ettermiddagen.

Kart Olavsbu

KOM IKKJE TILBAKE: Turfølgjet kom ikkje tilbake på hytta, og ein byrja bli urolege for kva som kunne ha skjedd dei.

Politiet fekk klokka 22.45 måndag kveld melding om at eit turfølgje på tre ikkje hadde kome tilbake til hytta Olavsbu etter at dei reiste ut på skitur ved 12-tida.

Dei tre skulle på ein dagstur, men ingen visste akkurat kor dei hadde tenkt å ta turen. Det var minus 20 grader i området, og mørket hadde lagt seg over fjellet.

Sidan det ikkje er mobildekning i området var det umogleg å kome i kontakt med dei tre, og ein byrja gjere undersøkingar for å prøve å finne ut kor dei kunne ha gått. Mellom anna vart dei andre hyttene i området kontakta og ein rekvirerte luftambulansen.

Men til alt hell gjekk det ikkje lenge før ein kunne konstatere at dei tre var i god behald. Klokka 23.25, vel 40 minutt etter den første meldinga kom beskjeden om at skiløparane var komne til rette att på Olavsbu.

Ifølgje politiet hadde dei tre teke seg ein tur til Raudalstindane, men turen tilbake hadde teke lenger tid enn dei trudde. Feil ruteval og ein broten skistav gjorde turen lenger og vanskelegare enn tenkt.