Hopp til innhold

Frp nøgd med Helse Vest-møte

Leiinga i Framstegspartiet i Sogn og Fjordane er nøgd med avklaringane dei fekk frå Helse Vest på møtet dei hadde i Bergen fredag.

Møte Frp/Helse Vest

NØGDE ETTER MØTET: Frå v. Lars Svein Drabløs, Frp, Åge Starheim, Frp, Oddvard Nilsen, Helse Vest, Frank Willy Djuvik, Frp og Herlof Nilssen, Helse Vest.

Foto: privat

Frp bad om eit møte for å forsikre seg om at prosjektet Framtidas sjukehus på Nordfjordeid blir følgt opp, og at spesialisthelsetenestene er tenkt ei framtid i Florø.

Fylkesleiar Frank Willy Djuvik i Frp meiner den viktigaste avklaringa var at prosjektet kring Nordfjord sjukehus er reelt.

– Ikkje ført bak lyset

– Vi vart forsikra om at vi ikkje blir ført bak lyset med den informasjonen som vi fekk av utviklingsprosjektet på Nordfjordeid. Helse Vest er veldig tydeleg på korleis prosessen skal vere framover.

– No blir det utvikla eit prosjekt i samarbeid mellom kommunane og Helse Førde på Nordfjord sjukehus. Det skal så inn til Helse Vest, der dei finn driftsmidlar, anten gjennom departementet, ekstraordinære midlar eller gjennom den ordinære drifta til Helse Førde.

I møtet fekk partiet også forsikring om at den kirurgiske poliklinikken på Nordfjordeid skal opp og gå att så fort Helse Førde finn personale.

Avklaring for Florø i januar

Framstegspartiet er og nøgd med forsikringane dei i går fekk om spesialisthelsetenesta i Florø.

Det har den siste tida vore knytt stor uvisse til framtida for nærsjukehuset.

– Helse Vest er veldig tydeleg på at Florø sjukehus på eitt eller anna tidspunkt må kome inn som ein del av det totale behandlingstilbodet i Sogn og Fjordane. Helse Vest har lagt opp til at på føretaksmøtet i januar skal det bli gjort ein del vedtak rundt dette. Då skal det bli konkretisert korleis spesialisthelsetenesta i Florø skal sjå ut i framtida.