Tjuveriet blei oppdaga for vel ei veke sidan ved Jøl bru på veg mot Strynefjellet. Det var entreprenøren som har ansvar for vegen, som oppdaga at steinplata var vekke frå benken. No står berre bordet att.
Lang og tung
Byggjeleiar i Statens vegvesen i Nordford, Terje Samuelsen, veit ikkje kva som har skjedd.
– Vi anar ikkje, men benken er i alle fall forsvunne frå fundamentet, seier han.
Det er snakk om ein stor gråstein på minst eitt tonn og som er om lag 2,5 meter lang.
– Dei som har teke den med seg, må ha hatt maskinelt utstyr, seier han.
Tykkjer det er rart
Han forstår ikkje at nokon kan finne på å stele heilt vanleg gråstein. Men saka er ikkje meld til politiet.
– Nei, det har vi ikkje. Det er ingen grunn til det. No satsar vi på å finne ein ny stein som vi kan leggje på plass.
– Kva trur du folk treng ein slik stein til?
– Det anar eg ikkje, rett og slett. Vi har ikkje tidlegare vore utsette for at folk stel norsk gråstein, seier han.