Hopp til innhold

Får framleis ikkje bruke nattbriller - fleire oppdrag er avlyste

Luftambulansen i Førde har måtte avlyse opp mot 20 oppdrag dei siste månadane fordi dei ikkje får lov å bruke viktig utstyr.

Nattbriller

FÅR IKKJE LOV Å BRUKE DESSE: Godkjenninga for å få bruke nattbriller er ikkje på plass.

Foto: Norsk Luftambulanse

Nattbrillene gjer oppdrag i mørket enklare og tryggare, men har vore forbode å bruke i helikoptera til Norsk Luftambulanse sidan slutten av april.

– Kan få konsekvensar

Sjefsflyger på basen i Førde, Bent Næss, utelukkar ikkje at avlyste oppdrag kan ha gått ut over liv og helse.

– Kjem vi ikkje fram med helikopter til eit akuttoppdrag og det blir ein lang køyretur med bil, så kan det få konsekvenser for liv og helse.

Ser veret på ein annan måte

Lighter sett gjennom nattbriller

SLIK SER DEI MED NATTBRILLENE: Dette er er ein lighter på bakken, sett gjennom nattbriller.

Foto: Ole Petter Klepp / NRK

Nattbrillene gjer oppdrag i mørket både tryggare og enklare. Men sidan april har dei vore forbode å bruke i helikopetera til Norsk luftambulanse fordi dei mangla godkjenning.

Det har ført til fleire avlyste oppdrag for luftambulansen i Førde dei siste månadane, fortel Næss.

– Brillene gir oss moglegheit til å sjå skyer og nedbør på ein heilt annan måte enn utan. Vi kan vel seie at ein stad mellom 10 og 20 oppdrag er påbegynt og kansellert fordi veret ikkje tillett flyging på natta utan desse brillene.

Ventar på godkjenninga

På landsbasis kan det vere snakk om eit tiltals kansellerte oppdrag, ifølgje Norsk luftambulanse. Dei må ha på plass godkjenning for kvart enkelt helikopter på dei åtte basane i Norge.

Til no er det berre basen på Dombås som har fått ny godkjennning, og det over eit halvt år etter at godkjenninga forsvann.

Håper dei snart er i mål

Forhandlingane om nye godkjenningar går mellom Eurocopter som er produsenten av helikoptertypen Norsk luftambulanse brukar, og det europeiske flytryggleiksbyrået EASA. Kommunikasjonssjef i Norsk luftambulanse, Marte Ramborg håpar dei snart kjem i mål.

– Vi reknar med at vi har alle helikopetera sertifiserte i løpet av første kvartal. Det neste helikopteret som blir godkjent set vi inn i Førde, det håper vi vil skje i løpet av januar.