Hopp til innhold

Framleis auka rasfare i vest

Også natt til onsdag har det kome store nedbørsmengder i Sogn og Fjordane, og regnet vil halde fram utover dagen. NVE varslar auka rasfare på Vestlandet.

Opnar att etter raset

STENGD: E39 var tysdag stengd i fleire timar etter eit jordras mellom Instefjord og Oppedal.

Foto: NRK

I går vart fleire vegar stengde på grunn av stein- og jordras, og i Brekke i Gulen vart eit hus knust av massane som kom ned frå fjellet.

Det kjem meir regn

Det er ikkje meldt om fleire ras i natt, men Norges Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) varslar stor skredfare på grunn av bre- og snøsmelting og dei store nedbørsmengdene.

Det er allereie varsla om flaum på Vestlandet i perioden frå 28. - 30. juni.

Vakthavande hydrolog i NVE; Heidi Bakke Stranden, ber folk halde seg unna store elvar og åtvarar om farane dei store nedbørsmengdene medfører.

– Metereologisk institutt seier vi har meir nedbør i vente i dag. Vi håpar det ikkje er snakk om så store mengder som vi har fått dei siste dagane, seier Bakke Stranden og legg til:

– Meir nedbør betyr at vassføringa vil halde seg høg i allereie flaumstore vassdrag og vassføringa vil auke ytterlegare andre stader, seier Bakke Stranden.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hus teke av ras i Brekke.

HUS TEKE AV RAS: I Brekke vart eit ikkje-busett hus teke av eit jordras tysdag morgon.

Foto: Gøril Sætre

Framleis veglause på Brekke

Fylkesveg 1 mellom Instefjord og Rutledal (ved Engeset i Brekke) er framleis stengd etter eit jordras tysdag morgon. Vegvesenet vil gjere ei ny vurdering om å opne vegen her klokka 12 onsdag.

Då ryddemannskapa starta rydding av raset tysdag fann dei store steinblokker i rasmassane. Vegen kunne difor ikkje opne i går.

– Dei prøvde å flytte steinane med gravemaskina, men det nytta ikkje. Dei var rett og slett for store, seier Jan Ivar Kjeldby som er ein av dei 16 veglause i området.

Dei store steinane vil bli sprengde vekk i løpet av onsdagen. Fleire av innbyggjarane i området valde å ikkje sove heime i natt.