Tre av toppsjefane i Ervik Havfiske vart kasta på glattcella etter at 35 menn og kvinner frå politiet, fiskeridirektoratet, kystvakta og Økokrim troppa opp på dørene til selskapet i Selje og gjennomførte ein av tidenes største razziaar mot eit norsk fiskeriselskap for snart to veker sidan.
Underleg framgangsmåte
I ettertid er det klart at skuldingane om eit medvite overfiske på totalt 1000 tonn ikkje held mål. Forsvarar Jan E. Holvik synest framgangsmåten var underleg. FIskeridirektoratet hadde ikkje fått korrekte fakta før dei gjekk til politimeldinga.
-Ikkje overdimensjonert
Men dette er ikkje Ellingsen i Fiskeridirektoratet samd i. Han seier det er saka som gjeld levering av svart fisk for fem millionar kroner til selskapet i Finnmark som er hovudanklagen og bakgrunnen for aksjonen. Han meiner aksjonen ikkje er overdimensjonert.