Hopp til innhold

Næringslivet vil tilsetje fleire i år

Eksport- og verftstindustrien slit, men i mange bransjar er finanskrisa over. I løpet av året ventar bedriftene i Sogn og Fjordane å tilsetje 300 fleire personar.

Næringsliv i Sogn og Fjordane

ULIKE UTSIKTER: Bygg, handel og turisme ser igjen framover etter finanskrisa. Verfts- og eksportindustrien er framleis ikkje over kneika, viser Næringsbarometeret.

Foto: NRK

Det er konklusjonen i Næringsbarometeret for Hordaland og Sogn og Fjordane.

Hordaland i førarsetet

Særleg i Hordaland er det venta stor auke i sysselsettinga, med heile 4300 nye stillingar i 2010. I Sogn og Fjordane er forventningane langt meir moderate, med 300 nye stillingar. Til samanlikning mista drygt 300 tilsette jobben då Fundo Wheels i Høyanger vart slått konkurs 12. januar 2009.

Generelt peikar kurvene brattare oppover for næringslivet i Hordaland, enn i Sogn og Fjordane.

Industrien treng ordrar

Av dei rundt 590 bedriftsleiarane i Sogn og Fjordane som har svart på bedriftsundersøkinga som vart teken opp i mars månad, melder over 80 prosent om stabilitet eller auke i både marknad og omsetning. Det er likevel klare skilnader mellom dei ulike næringane, og særleg for verfts- og verkstadsindustrien er det framleis utfordringar i vente.

40 prosent av verksemdene innan industri og bygg- og anlegg melder at ordresituasjonen fremleis forverrar seg. For å sikre aktivitetsnivået er verksemdene avhengige av å få nye ordrar.

Handel, bank og overnatting

Industriverksemdene i Sogn og Fjordane svarer i undersøkinga at dei ventar til saman 250 færre tilsette i løpet av året. Også offentleg sektor og personleg tenesteyting ventar nedgang. Byggebransjen i fylket ventar på si side å kunne trenge 150 ekstra personar.

Varehandel og ulike typar tenesteyting er næringane der flest ventar vekst. Størst er forventningane innan varehandelen, men også overnatting og bank og finans ser lyst på den nærmaste framtida.

Transportnæringa i Sogn og Fjordane reknar med status quo.

Arbeidsløysa aukar framleis

Siste året har arbeidsløysa auka med 0,3 prosent i Hordaland, og 0,2 prosent i Sogn og Fjordane. Auken er mindre enn Nav sine spådommar for eit år sidan, men ein ventar likevel at arbeidsløysa aukar utover i 2010. Det positive er at sysselsettinga aukar, spesielt i privat sektor. Innan det offentlege er det derimot nedgang.

Sjølv om nær 80 prosent av bedriftene i Hordaland og Sogn og Fjordane planlegg eit stabilt eller aukande investeringsnivå i 2010, er nettodelen framleis negativ. Tala for 2010 tyder førebels på at investeringane i industrien held seg låge. Over 20 prosent av bedriftene reknar med ein nedgang i investeringsnivået i 2010, mens rundt 15 prosent ventar ein auke, konkluderer Næringsbarometeret.

1525 verksemder i undersøkinga

Barometerer er eit samarbeid mellom Sparebanken Vest, fylkeskommunane Hordaland og Sogn og Fjordane, Nav, NHO og Innovasjon Norge. Talmaterialet byggjer på NAV si årlege bedriftsundersøking. Denne vart gjennomført i mars og er utvida med spørsmål for Næringsbarometeret. Undersøkinga omfatta svar frå 1525 bedrifter, 935 i Hordaland og 590 i Sogn og Fjordane. I tillegg er analysane basert på statistikk og intervju.