30-åringen fekk prisen for beste kvinnelege hovudrolle for sin innsats i stykket "Karl og Anna" på Rogaland teater.
Heddaprisen er den mest prestisjetunge utmerkinga i norsk teater og vart delt ut for første gong i 1998.
- Det er så gøy at eg er heilt skjelven i knea. Det var så uventa, for eg har følgt dei to jentene i mange år og var sikker på at denne ikkje ville gå til nokon andre enn ei av dei, seier ein overraska prisvinnar.
- Eg hadde ein lengre samtale med mamma, og ho sa at "jammen Kjersti prisen er gjeven, og dei er fantastiske dei to andre, men du er no nominert". Så ho vil få hakeslepp ho også, ler Sandal.