Hopp til innhold

Førdefestivalen er budsjettvinnar

Førdefestivalen får ein auke i løyvinga på 562 tusen kroner i statsbudsjettet som blir lagt fram måndag.

– Festivalen er dermed ein av dei få knutpunktfestivalane som får auke også i år, seier Ingrid Heggø frå Arbeidarpartiet.

Festivalen kan dermed venste seg om lag 5,5 millionar kroner frå regjeringa neste år. 

– Det er sjølvsagt veldig gledeleg. Vi synes det er veldig flott at vi på denne måten vert sett av regjeringa, seier festivalleiar Hilde Bjørkum.