Hopp til innhold

Førde-tap på Stord

Det enda med tap for Førde då dei møtte Stord 1. mai.

Tor Are Dvergsdal

Tor Are Dvergsdal og resten av Førde gjekk på sesongens første tap.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sluttresultatet vart 4-3 til Stord på heimebane. Ved pause var stillinga 2-1 i den tredje runden i 2. divisjon.

Målskårarar for Førde var Kim Tangedal i første omgang og Øystein Vetti og Steinar Tenden i den andre omgangen.

– Noko av det beste vi har gjort

Trenar Knut Erik Folland seier at dei spelte ein veldig god første omgang.

– Det er noko av det beste vi har gjort, inkludert dei to første kampane våre. Vi hadde klart flest sjansar, men fekk ikkje uttelling. Marginane var ikkje på vår side i dag.

Blei jagande

Stord skåra 2-1-målet på overtid i første omgang, og Folland seier at Førde blei jagande etter utlikningsmål i dei siste 45 minutta.

– I andre omgang var vi ikkje gode nok framføre mål, så det bikka ikkje vår veg. Normalt skulle tre mål på bortebane vere nok til å få poeng med seg heim.

Tøft kampprogram

Før kampen mot Stord toppa Førde tabellen etter ein siger og ein kamp som enda uavgjort. Etter denne kampen har Førde ramla ned til 5. plass med dei fire poenga sine.

Folland har ikkje planar å gjere store strukturelle endringane føre dei neste kampane. Men Førde har ein brei og god stall som gjer at trenaren kan gjere endringar på mannskapet frå kamp til kamp. No ventar eit tøft kampprogram dei neste to vekene.

– Vi har fire eller fem kampar dei neste to vekene, avhengig av korleis det går i den første cupkampen mot Fjøra. Men først er det seriekamp mot Fana neste laurdag, då skal vi nok ta igjen.