Hopp til innhold

Vann heimekamp på bortebane

Eliteserielaget Førde VBK gjekk av bana med siger i tre strake sett mot Koll i Naustdalshallen i dag. Trenar Frank Roger Kalstad var særs nøgd.

Frank Roger Kalstad

SÆRS NØGD: Frank Roger Kalstad, trenar for Førde VBK, var svært godt nøgd med laget sin innsats mot Koll i dag.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Førdehuset, som vanlegvis er heimebana til Førde, var stengd grunna eit stort messearrangement. Dermed gjekk turen til Naustdalshallen.

– Det er klart at ideelt sett så ønskjer vi å spele på heimebane i Førdehuset, men eg følte at vi takla dette bra. Vi gav aldri opp mot Koll, og gjennomførte ein svært god kamp, meiner trenar Kalstad.

Han beit seg ikkje minst merke i Førde VBK sin nye diagonalspelar, Kjell Morten Kvamsdal, som imponerte stort mot Koll.

– Vi er verkeleg på rett veg no, og i dag såg vi verkeleg kva som bur i dette laget, seier Kalstad.

I morgon ettermiddag vert det spelt to nye eliteseriekampar i volleyball i Naustdal, først damelaget til Førde mot Oslo Volley, og to timar seinare Førde-herrane mot same motstandar.

Resultat:

Førde - Koll 3 - 0 (25-18, 25-19, 25-15)