Hopp til innhold

Over ein milliard i resultat før skatt

Sparebanken Vest har i dag presentert tal som syner ei solid forbetring i lønsemda i 2012.

Sparebanken Vest i Førde

AUKAR: Sparebanken Vest forbetra lønnsemda i 2012.

Foto: NRK

Vestlandsbanken fekk eit resultat før skatt i 2012 på 1.191 millionar kroner.

Det er ein kraftig auke opp frå 732 millionar kroner, som var resultatet i 2011.

– Farten i økonomien på Vestlandet er god, noko som vert gjenspegla i banken sitt resultat, seier administrerande direktør, Stein Klakegg, i ei pressemelding frå banken.

Han fortel at resultatet er godt og er prega av auka kundeaktivitet, samla vekst i inntekter og låge tap.

Noko av årsaka bak den forbetra lønnsemda er at andre selskap banken er knytt til, har hatt ei særs positiv utvikling.

Eit av dei selskapa er forsikringsselskapet Frende Forsikring.

– Dei har snudd frå minus 50 millionar i 2011 til eit overskot på 34 millionar kroner i 2012, seier Klakegg og legg til at dei forventar positive bidrag frå selskapet også i 2013.

I Sogn og Fjordane har forsikringsselskapet Frende hatt ei auke i skadeforsikringskundar på 12 %.

15.500 nye kundar

I løpet av 2012 har Sparebanken Vest fått 15.500 nye kundar, og hadde ved årsskiftet totalt 253.000 kundar.

– Vi er svært nøgde med at enda fleire vestlendingar vel å nytte oss som hovudbank og etterspurnaden etter tenestene vi tilbyr aukar, seier Klakegg.

Han fortel at stadig fleire ynskjer ein fast rådgivar å diskutere økonomien sin med, og at 30.000 kundar hadde teke i bruk mobilbanktenesta knappe 3 månader etter lansering.