Politiet fekk melding om ulukka like før klokka 18. Bilen skal ha køyrt utfor ein kring fire meter høg skråning og hamna under denne brua.
Ambulanse, brannetat, politi og dykkarar rykte ut til staden. AMK ved Førde sentralsjukehus opplyser at den 55 år gamle mannen vart lettare skadd og er lagt inn på vanleg avdeling.
– Det var ein person i bilen. Elva var ikkje så stor, men førar kom seg ikkje ut av bilen. Han er no lokalisert og får hjelp ut av bilen, opplyser operasjonsleiar Wenke Hope ved Sogn og Fjordane politidistrikt.
(Artikkelen held fram under biletet)
Meldte sjølv ifrå
Det var lenge uvisst kvar ulukka hadde skjedd, og naudetatane måtte søke langs vegen for å finne ulukkesstaden. Mannen meldte sjølv frå at ulukka hadde skjedd kring ti minuttar frå Kvammen i Askvoll i retning Førde.
Føraren melde frå om ulukka klokka 1745 og var lokalisert klokka 1830. Politiet var i kontakt med bilførar.
– Andre bilar som køyrde forbi, såg han ikkje. Han vart funnen på ein annan stad enn han trudde han hadde køyrt av vegen, seier Hope.