Hopp til innhold

Har starta søket i brannruinane

Politiet har torsdag ettermiddag starta undersøkingane i brannruinane etter bustadbrannen i Dale i Fjaler. Ei kvinne i 60-åra er sakna etter brannen.

Brann Dale

OVERTENT: Huset fekk status som overtent rundt klokka 09.30 og var totalskadd innan klokka 12 onsdag. Ei kvinne er sakna.

Foto: David Zadig

Politiet stadfesta like over klokka 16 at dei no er i gang med undersøkingane etter bustadbrannen i Fjaler.

Dei kan førebels ikkje seie noko om brannårsaka, men håpar søket i brannruinane kan gi dei svar. Av omsyn til varme og eigen tryggleik har dei måtte vente med å starte søket.

– Vi har ikkje kome i gang. Det er for varmt på staden, opplyste operasjonsleiar hjå politiet i Sogn og Fjordane, Olaug Holme, tidlegare torsdag.

Meldinga om brannen i bustadhuset på Jarstad i Dale i Fjaler kommune kom til naudetatane rundt klokka 08.00 onsdag morgon.

Kvinne i 60-åra sakna

Trass iherdig sløkkingsarbeid av brannvesenet vart huset overtent og totalskadd. Ei kvinne i 60-åra som bur åleine i huset har status som sakna.

Brannvesenet forsøkte å ta seg inn i huset for å sjå om dei kunne finne kvinna som budde i huset, men måtte etter kort tid trekkje seg ut på grunn av den intense varmen og flammane.

– Kvinna har framleis status som sakna, seier Holme.

Brann i Dale

FORSØKTE: Brannmannskapa gjorde alt for å stogge flammane, men lukkast ikkje.

Foto: NRK-tipsar

Vil forsøke i ettermiddag

Politiet har vakthald på staden, seier operasjonsleiaren.

– Vi vil forsøke å gå inn i løpet av ettermiddagen, men vi må vente til varmen er redusert

Årsaka til husbrannen er førebels ukjend.

– Årsak får vi ikkje før vi har undersøkt åstaden, og det må også vente til det er mogleg å ta seg inn i huset, seier Holme.

Brann i bustadhus i Dale

Foto: David Zadig