Hopp til innhold

Fiskelukka stod ikkje alle bi under årets Aurefest

I år var heile Jølstravatnet arena for aurefesten i bygda. Men auren det beit ikkje på for alle likevel.

Jølster Aurefiskefestival
Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

– Veit du om nokon som har fått fisk? spurte ein av fiskarane som stod langs på sørsida av Jølstravatnet, og som var nær med å få heile bilen til NRK på kroken i iveren etter å få snøret ut att i vatnet.

– Nei, var svaret frå NRK.

– Ok, eg har ikkje tid til å snakke meir.

Fokuserte fiskarar

Iveren etter å delta i konkurransen om ein splitter ny Volvo var til å ta og føle på under årets fiskefestival. Jølster Aurefest hadde lagt ut 1000 billettar til å delta i konkurransen og var utselde då konkurransen starta. I år kunne ein også vinne ein ekstra premie ved å dra opp den tyngste auren.

Olav Hoff frå Viksdalen hadde håpa på å dra i land 12 fisk saman med pappa.

Olav Hoff

DRØYMDE OM MASSE FISK: Olav Hoff frå Viksdalen håpa på masse napp.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

– Men eg har ikkje fått nokon fisk. Det er frykteleg irriterande, seier den unge fiskaren. Like etter får han knute på snøret, som far må løyse opp.

– Dette har vi eigentleg ikkje tid til, men ... Det skal jo vere litt familiehygge og, smiler pappa og løyser knuten.

Familiehygge ispedd konkurranseinstinkt

For familien Årdal hadde dei minste mist tolmodet med heile fiskekonkurransen og konkurranseinstinktet hadde slått inn for fullt hos dei vaksne. Men alle utan napp.

Familien Årdal testar fiskelukka

GAV OPP: Ungane mista molmodigheita raskt i storfamilien Årdal. Mor og far er ikkje på bilete for dei måtte fiske.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

– Vi gadd berre å fiske ein time, vi fekk ingenting, seier Aurora Steinarsdotter.

Men gjetorda om fisk hadde dei både høyrt, og sett.

– Det kom ein gåande opp mot vegen med ein fisk i handa, han smilte berre, fortel Jill Årdal.

Få kilometer frå Kjøsnesbrua møter NRK ein gjeng med karar som har hatt fiskelukke, samla i eit partytelt. Dei har vore på vatnet i båt.

– Eg drog den eine rett utanfor her. Veldig flott fisk, seier Jon Erik Brox Holme frå Sogndal som er med arbeidskollegaer for å delta i konkurransen.

To store aurar på kroken

STORE: Sjølv om fiskane var store, var det ikkje nok til å vinne konkurransen for Jon Erik Brox Holme.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Festivalsjefen fiskar ikkje

For leiar av festivalen, André Sunde, var dagen heilt super.

– Folk er strålande fornøgde, vi får berre gode tilbakemeldingar, seier han smilande etter at sluttsignalet for konkurransen er gått.

Han har ikkje dratt fram fiskestonga denne dagen.

– Nei eg ville jo garantert ha fått storfisken og då ville eg jo ha vunne. Det hadde jo vore juks, smiler han.

No skal festivalleiinga evaluere årets festival for å sjå om det blir fiskekonkurranse også neste år.

– Mykje skal til for at det ikkje blir festival. I år har vi prøvd å treffe heile familien, og det trur eg vi har klart. Vi har ekstra premiar for å motivere dei unge.

– Og så har vi jo hatt griseflaks med vêret – i år og, gliser Sunde fornøgd.