Hopp til innhold

Fekk melding om glatt veg fleire timar før dødsulykka

Ei kvinne omkom og seks personar vart skadde då eit vogntog fekk sleng og kolliderte med to personbilar på ei bru i Flåm. Fleire timar før ulykka vart vegvesenet varsla om glatt is på brua.

Trafikkulukke i Flåm

ULYKKA KRAVDE EITT LIV: Då vogntoget kom ut kontroll på det glatt føret, vart to personbilar knust på brua i Flåm.

Foto: Arve Uglum / NRK

Trafikkulukke i Flåm

SÅPEGLATT: Brua på E16 i Flåm var islagt då ulykka skjedde midt på dagen ein novemberdag i 2007.

Foto: Arve Uglum / NRK

Viss åtvaringane frå bilistar hadde blitt tatt på alvor, kunne dødsulykka i Flåm i november 2007 vore unngått.

Det viser eit utkast til ein havarirapport om ulykka, skriv Bergens Tidende tysdag.

Fekk melding om is - følgde ikkje opp

Statens havarikommisjon for transport viser til at det fleire timar før ulykka vart loggført ei melding til Vegtrafikksentralen om at det var farleg glatt på brua på E16 ovanfor Flåm sentrum.

Men meldinga vart aldri følgt opp. Den vart ikkje vidareformidla til Statens vegvesen eller Mesta, entreprenøren som hadde ansvar for strøing og salting på den aktuelle strekninga.

– Dette er for dårleg, meiner Havarikommisjonen ifølgje Bergens Tidende.

Ønskjer ikkje «klagestyrt» vedlikehald

Statens vegvesen si forklaring er derimot at dei ikkje ønskte såkalla «klagestyrt »vedlikehald basert på meldingar frå trafikkantane, men i staden basererte seg på at Mesta sjølv overvaka vegen og tok naudsynte stikkprøvar.

– Burde meldt ifrå

Havarikommisjonen er lite imponert.

– Når det kjem inn melding om glatt veg på ei bru utan at det har vore nedbør, er det ein klar indikasjon på isdanning. Ei slik melding kan derfor ikkje sjåast på som ein generell klage på standard eller dårleg vedlikehald. Meldinga burde vore vurdert som eit særleg trafikkfarleg forhold og omgåande meldt vidare til Mesta og vegvesenet, siterer BT frå utkastet til rapporten etter ulykka.