Hopp til innhold

Følg cupfinalen direkte i nett-TV

Laurdag brakar det laus når Førde møter Nyborg i NM-finale i volleyball for herrar. Med berre timar att, merkar både spelarar og trenar det på nervane at toppkampen er rett rundt hjørnet.

Video Cupfinale Førde - Nyborg

DIREKTE I NETT-TV: Sjå kampen direkte frå klokka 16 laurdag.

– Det er begynt å krible litt. Det er under kontroll, men eg kjenner at det er dagen før, seier Geir Eithun.

At han er nervøs er likevel ikkje noko negativt, meiner Eithun sjølv.

– Eg er sunt nervøs. Utan å ha litt nervar er det vanskeleg å prestere på sitt beste.

Tre kamera vil vere i sving under direktesendinga som går på nrk.no/sf. Du kan følgje sendinga direkte i nett-TV frå klokka 16.

(Artikkelen held fram under biletet)

Geir Eithun og Frank Kalstad

KLARE TIL KAMP: Spelar Geir Eithun og trenar Frank Kalstad har trua på at Førde kan slå i frå seg.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Landets beste lag

Nyborg vert av mange rekna som eit svært sterkt lag.

– Vi møter det som er landets beste lag, så det er spennande å møte dei i cupfinalen, seier Førde-trenar Frank Kalstad.

Har trua

Og sjølv om bergensarane er gode, meiner trenaren at Førde-laget har god sjanse til å slå i frå seg.

– Når vi spelar på vårt beste så er det fullt mogleg å slå dei. Nyborg er eit lag det er mogleg å presse og det skal vi klare, seier Kalstad.

– Eg har veldig trua, skyt Eithun inn.

Høyr intervju med Førde-spelar Geir Eithun og trenar Frank Kalstad.

Helge Robert Midtbø og Einar Paulsen

Helge Robert Midtbø og Einar Paulsen riggar tribunar til laurdagens oppgjer.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Utvidar tribunekapasiteten

I kveld er ein gjeng i gang med å setje opp ekstra tribunar. Volleyball er populært i Førd, og til no er det seld 1000 av 1200 billettar. Sindre Roska i Førde Volleyballklubb trur at det blir mange som kjem for å sjå.

– Difor utvidar vi kapasiteten med ståtribuner. Desse held vi på å setje opp no, seier han.

Video Vestlandsderby i Cupfinalen

TENT FØR KAMPEN: Ein som er ekstra tent før kampen er Lars Fredrik Tvinde. For han vil greie det pappa gjorde for fire år sidan, då Førde tok cupgull mot Tromsø.