Hopp til innhold

Fødselsrekord på Storken

Fødeavdelinga Storken er meir populær enn nokosinne. 1332 av dei totalt 4908 fødslane i Bergen i 2006, skjedde på Storken.

- Talet på fødslar på Storken har auka gradvis kvart år, og i 2004 runda vi for første gong 1300, fortel fagutviklingsjordmor Jorun Tunestveit

Storken, som har vore i drift i snart 11 år, er den einaste av sitt slag i Norden - fødeavdelinga er ei kombinert føde -og barseleining for kvinner som har hatt eit normalt svangerskap.

2006 var eit travelt år ikkje berre for Storken. Det totale talet på fødslar ved Kvinneklinikken var 4908,  20 fleire enn året før.

- Det har vore forventa at fødselstala skulle synke, det har dei gjort i resten av landet, men ikkje i Bergen. Her er fødselstala stabile, seier Tunestveit.

Av dei totalt 4908 fødslane på KK i fjor, var 82 tvillingsfødslar og to trillingfødslar.

Generelt var mars, april og mai dei travlaste månadene på KK i fjor.