Seks jordmødre og leiarar har no sagt seg villige til å etablere og bygge opp den forsterka fødestova ved Lærdal sjukehus. Informasjonsdirektør i Helse Vest, Bjørg Sandal, meiner ei ordning der ein flyg inn jordmødrer frå andre delar av landet, er ei god løysing på jordmorkrisa i Lærdal.
Overgangsperiode
Dei skal jobbe ved Lærdal sjukehus i ein overgangsperiode, fram til fødestova er oppe og går og andre fast tilsette er på plass. Sandal meiner Indre Sogn med dette sikra eit godt fødetilbod.
Kirurgane nektar enno
Enno har ikkje Helse Vest fått til ein avtale med kirurgane ved Lærdal sjukehus. Kirurgane vegrar seg for å gå inn i beredskap for naudkeisarsnitt. Helse Førde kan ikkje påleggja kirurgane å gjera dette.