Hopp til innhold

Molde vann fortent i cupkampen i Florø

Molde-kaptein Daniel Berg Hestad tok ansvar og banka inn 2-1 i cupkampen mot Florø. Det heldt til avansement for serieleiaren i eliteserien..

Terje Rognsø

GLER SEG: Florø-trenar Terje Rognsø ser ikkje grunn til å kvi seg for møtet med Molde.

Foto: Rune Fossum / NRK

Vinnarmålet kom etter ein corner etter eit kvarter av andre omgang. Og det var ein fortent siger. Særleg i andre omgang var Molde dominerande.

Florø fekk køyrt seg i opningsminutta i tredjerundekampen mot Molde. Eliteserielaget hadde to store sjansar før Joona Toivio gav Molde 1-0.

Det var eit godt skot frå hjørnet av 16-meteren som duppa over Florø-keeperen Robert Winogrodzki og i nettet etter sju minutts spel.

Før det hadde Florø redda på streken etter ein corner, og den neste corneren nikka Vegard Forren i stolpen.

Annulert Stefan-mål

Men etter den kalddusjen kjempa det unge Florø-laget seg innatt i kampen, og Stefan Aase sette ballen bak landslagskeeper Ørjan Håskjold Nyland etter vel 24 minutts spel.

To minutt etter1-1-målet hadde same mann ein ball til i nettet, men dommar Tommy Skjerven hadde blese frispark mot Florø.

Og etter 33 minutt hadde Florø ein stor sjanse etter at landslagsuttekne Kristoffer Ryland fossa til dødlinja og la inn framfor mål, men Halvor Solheim-Olsen bles ballen over mål.

Og etter den store Florø-dominansen i opninga av kampen har det heile jamna seg ut. Molde spelte seg ikkje til store sjansar i resten av omgangen, og det står 1-1 ved pause.

I starten av andre omgang hadde Pape Pate Diouf ein god sjanse for Molde, men headinga hans gekk over mål. Molde bytte ut Even Hovland ved pause og sette inn Ole Martin Rindarøy, medan Florø tok ut Kaddu Aton og sette inn Kim Vik.

Som i starten av første omgang vart Florø pressa bakover i opningsminutta av andre omgang, men utan at Molde kom til like store sjansar før corneren som Berg Hestad omsette til mål.

Og Florø fekk lite til før Halvor Solheim-Olsen sette ballen i mål etter 35 minutt av omgangen, men målet vart annulert for offside.

– Det viktigaste er at vi torer

Terje Rognsø forsikra før kampen at han ikkje grua seg det minste framfor møtet med laget som toppar eliteserien - Molde.

Florø-trenaren gjekk berre og smilte og gledde seg til at hans utvalde 11 spelarar skulle måle krefter med langt meir meritterte spelarar frå rosenes by.

– Eg fryktar det ikkje i det heile, eg berre gler meg og håpar at spelarane tek utfordringa og gjer sitt beste. Lukkast dei med det kan dette bli gøy. Det viktigaste er at vi torer.

Og Molde kan ikkje skulde på bana om dei skulle tape, for Florø kan tilby Molde-spelarane ei naturgrasmatte som kan måle seg med dei finaste i landet.

– Må vere 100 prosent skjerpa

Landslagsspelar Vegard Forren på Molde var klar på at han og lagkameratane på ingen måte undervurderer Florø.

– Vi førebur oss som vi gjer til alle andre kampar. Vi møter eit godt lag, og vi må vere 100 prosent skjerpa. Det blir tøft når alle ventar at vi skal gå vidare.

Det er fine speletilhøve på Florø stadion denne onsdagen, lettskya, god temperatur utan at det er for varmt, og det er ein liten bris frå vest.

Forren jublar

INGEN JUBEL PÅ FORSKOT: Vegard Forren jublar etter 1-0 mot Vålerenga. T.v. Even Hovland, t.h. Mattias Mostrøm.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix