– Vi går og trippar og er veldig spente her om dagen, seier prosjektleiar for idrett i Flora kommune Rune Bortne.
Kommunen har nemleg søkt om støtte på 30 millionar frå fylkeskommunen, og i desse dagar kan svaret kome på om dei får dei pengane. Planen er å byggje ein rein fotballhall til 90 millionar kroner ved Likkjevatnet i Florø.
– Vi er heilt avhengig av at dette blir eit spleiselag der både kommune, fylke og idretten sjølv bidreg med pengar, seier Bortne.
Skal bli eit anlegg på høgde med Fosshaugane
Frå før er det berre i Sogndal ein finn eit slikt reint fotballanlegg av slike dimensjonar. Det har lenge vore ein målsetjing at ein skal ha det fleire stader i Sogn og Fjordane, og florøværingane tykkjer ikkje det er unaturleg at det då hamnar i kystbyen.
– Det er klart Florø fotball sin store suksess gjer det ekstra aktuelt, men det har lenge vore slikt at det skjer mykje positivt i idretten i Florø. Ikkje berre i fotballen, men også på friidrettsbana, seier Bortne.
Om søknaden til fylkeskommunen går igjennom, kan den nye hallen ta form neste år. Planen då er at fotballen skal heilt ut av dagens idrettshall i Florø, og at dei andre idrettane skal få meir boltreplass her.
– Gode anlegg er heilt avgjerande
Florø-trenar Terje Rognsø har trent A-laget ifrå fjerde divisjon, og heilt opp til suksessen i 1. divisjon. Han har også erfaring som trenar på aldersbestemte lag. Trenaren er veldig fornøgd med planane om ny storhall.
– Mine erfaringar er at gode anlegg har veldig mykje å seie. Eg trur ikkje vi hadde hatt den suksessen vi har hatt utan den hallen vi har i Florø i dag, og no er det på tida med ein endå betre hall, seier Rognsø.
Også suksesstrenaren tykkjer det er naturleg at ein slik hall hamnar i Florø
– Gode spelarar og trenarar er viktig for eit godt fotballmiljø, men gode fasilitetar kan vere like viktig.