Hopp til innhold

Flodbølgje trugar Hyefjorden

Oddvin Kleppenes er ikkje redd for å bu under det ustabile fjellpartiet.

Tusen meter over havet ved Hyefjorden har geologar funne store sprekker i fjellet.
Foto: NGU

I 50 år har Oddvin Kleppenes budd under fjellpartiet der geologar nyleg har oppdaga store fjellsprekkar.

Fjellsprekkane har oppstått på tusen meters høgde, over busetnadene på Osmundnes og Kleppenes ved Hyefjorden i Gloppen kommune.

Måler fjellsprekkane

Oddvin Kleppenes er ikkje redd for å bu under det trugande fjellpartiet.

- Terrenget er slik at eit ras ikkje vil truge husa. Det måtte vere ei flodbølgje som var farleg, seier Kleppenes, men har er ikkje redd for å bli buande på Kleppeneset.

- Eg trur eg kjem til å bli buande her, seier han.

Det store fjellpartiet sig ein centimeter i året nedover mot Hyefjorden.

I sommar monterte geologar fire målepunkt for å finne ut kor fort sprekkane utvidar seg og kor djupe dei er, skriv Firda.

Flodbølgje rammar fleire

Eit fjellskred vil få store konsekvensar.

- Viss det skjer eit stort skred, vil det gå ned i fjorden og skape ei flodbølgje som vil involvere ein større del av befolkninga, seier Lars Harald Blikra i Norges geologiske undersøkelse (NGU).

Det store spørsmålet er om fjellet sig sakte eller om mindre eller større deler av fjellet vil rase ut. Målepunkta skal lesast av i september neste år, og då vil geologar vite meir om kor stor rasfaren er.

Tydelege spor

Oddvin Kleppenes går mykje i fjella, og han har lagt merke til at fjellsprekkane har blitt større.

- Vi har snakka om at det har vore forandringar, men vi har ikkje følt det som trugande, seier han.

Ved hjelp av satelittdata frå perioden 1992 til 2002 har NGU oppdaga rørslene i fjellet ved Hyefjorden. Spora i fjellet er tydelege.

- Vi har visst om sprekkane, men vi har ikkje følt det som trugande. Men det kan det bli. Det er vanskeleg å vite, seier Kleppenes.