Like før klokka to i natt fekk politiet melding om slåstkamp ved ein utestad i Måløy. Ein mann i 20-åra blei frakta med ambulanse til sjukehuset i Eid. Det viste seg at nasen var knekt. Det er førebels ukjend kven gjerningsmannen er.
Klokka tre i natt måtte to personar i Førde til legevakt etter dei var involvert i slagsmål ved ein serveringsstad. Begge fekk kuttskadar som mått syast. Heller ikkje veit politiet kven gjerningsmannen er.
I Årdal måtte ein rusa mann i 20-åra overnatte i drukkenskapsarresten. Han hadde plaga nokre folk i eit hus i Øvre Årdal. Politiet reiste til staden og tok mannen med seg.
Også brannvesenet måtte rykkje ut i natt. Ved midnatt fekk Alarmsentralen melding om eit brannbilløp ved ein smelteomn ved Elkem i Svelgen. Brannen blei sløkt utan dramatikk.