Fleire bønder slaktar geitene

Stadig fleire geitebønder i fylket vel no å nytte seg av saneringsprosjektet Frisk geit.

Geiter på bås
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Berre i år og neste år skal omlag 3000 geiter i Sogn og Fjordane slaktast. Målet er å bli kvitt sjukdomane norske geiter har slite med i årevis.

Staten støttar prosjektet med åtte millionar kroner årleg fram til 2010. Bøndene får kompensasjon for kvart dyr dei slaktar.