Hopp til innhold

Fleire arbeidsledige

Sogn og Fjordane har klart størst vekst i arbeidsløysa siste året.

Arbeidsledig
Foto: Colourbox.no

- Fleire permitterte og færre personar i tiltak forklarar ein god del av auken i Sogn og Fjordane, seier direktør Tore Thorsnes ved NAV Sogn og Fjordane.

Størst vekst her

Sogn og Fjordane har klart størst vekst i arbeidsløysa siste året, med 16 prosent. På landsnivå er arbeidsløysa uendra, og mange fylke har redusert arbeidsløyse.

I august var 1324 personar i Sogn og Fjordane heilt utan arbeid. Dette utgjer 2,4 prosent av arbeidsstyrken, og Sogn og Fjordane er framleis blant dei fylka som har lågast arbeidsløyse. Berre Oppland og Rogaland har lågare arbeidsløyse.

På landsnivå er arbeidsløysa 2,9 prosent.

Størst auke i Hyllestad og Årdal

Ti av kommunane har ein reduksjon i arbeidsløysa samanlikna med august i fjor.

Solund og Balestrand har størst reduksjon med høvesvis 44 prosent og 42 prosent. Arbeidsløysa har auka mest i Hyllestad og Årdal. I desse kommunane er arbeidsløysa meir enn dobla frå august i fjor. Flora med 4,8 prosent og Høyanger med 4,6 prosent, har framleis høgast arbeidsløyse i fylket.

Fleire akademikarar ute

Akademiske yrke har ein stor prosentvis auke i arbeidsløysa. Men talet på ledige er ikkje høgare enn 21.

I industrien er det 417 heilt ledige Det er ein auke på 13 prosent frå august i fjor.
Arbeidsløysa har auka mest i kategoriane butikk- og salsarbeid og bygg og anlegg, begge med ein auke på 33 prosent. Det er no 84 ledige innan butikk- og salsarbeid og 159 ledige i bygg og anlegg.. Reduksjonen i arbeidsløysa er størst innan ingeniør- og ikt - fag, som har ein reduksjon på 18 prosent.

Fleire permitterte

247 av dei heilt ledige i fylket er permitterte, ein auke på 47 prosent.. 89 av dei som er blitt permitterte kjem frå fiskeindustrien.

Få ledige jobbar

I august vart det lyst ut 291 ledige stillingar. Det er ein reduksjon på 35 prosent frå august i fjor. Nedgangen er størst innan serviceyrke og helse, pleie og omsorg. Reduksjonen her er på høvesvis 62 prosent og 59 prosent.

Berre akademisk yrke og jordbruk, skogbruk og fiske har ein auke i stillingstilgangen.