Hopp til innhold

Flaum skaper trøbbel for lokale aviser

Aviser i Sogn og Fjordane er råka av flaumen på Austlandet.

Svend Arne Vee og Firdaposten

SLÅTT UT: Redaktør Svein Arne Vee i Firdaposten er ramma av flaumen på Austlandet. Det same gjeld avisa Firda som held til i Førde.

Foto: Dag Frøyen, Firdaposten/Ottar Starheim, NRK

Datasentralen til Amedia på Kjeller i Lillestrøm har fått store vasskadar. Dette får konsekvensar for eit titals aviser i landet.

Både Firda og Firdaposten har manglar nettilgang, e-posten ligg nede og det same gjeld telefon- og annonsesystema.

– Viser kor sårbart det er

Redaktør Svend Arne Vee i Firdaposten er fortvila over det som har skjedd.

– Her skjer det veldig lite, for vi er råka av flaumen på Austlandet. Vatnet har gjort stor skade på Lillestrøm der hjernen til IKT-delen ligg. Vi jobbar med verktøy som ligg på store serverar der, og har vore avskorne frå å lage papiravisa.

– Kva tenkjer du om at flaum på Austlandet rammer aviser på Vestlandet?

– Det er eit tankekors. Vi har til liks med mange andre bransjar vore gjennom ei sterk sentralisering på støttefunksjonar som til dømes IT. Konsekvensen ville ikkje blitt så stor med ein meir desentralisert struktur. Det er eit faktum og ikkje til å komme forbi.

Redaktøren meiner denne situasjonen viser kor sårbare ein sentralisert struktur er. Han reknar med full gjennomgang i ettertid.

– Dette vil heilt sikkert bli gått nøye etter i saumane av konsernleiinga i ettertid. Det at 50 aviser blir ramma samstundes, gir det nokon og einkvar litt å tenkje på.

Veit ikkje om det blir avis

Firdaposten har i løpet av dagen skaffa seg nett-tilgang ved hjelp av kablar til ei anna bedrift, men dei manglar tilgang på det verktøya dei treng for å lage avis til i morgon.

– Eg lever enno i trua på at vi skal få ut avisa. Men går det langt utover dagen før problema er fiksa, vil nok avisa bere preg av det.

– Har du fått noko tidspunkt på kor systema skal vere opp å gå igjen?

– Vi har eit håp om at ting kan fasast inn i 16-tida. Dei har fått straumen tilbake i sentralen på kjellar, men skadane på diverse serverar og datautstyr må reparerast, seier han.