Oddvar Flæte er ikkje mild mot Nausdal kommune etter utspelet frå ordførar Jan Herstad i dag. Herstad seier kommunen ikkje klarer å spare meir, og har difor gitt opp å få budsjettet i balanse alt før budsjettforhandlingane har kome i skikkeleg i gang.
Fråskriv seg ansvar
Fylkesmannen meiner at kommunepolitikarane i Naustdal fråskriv seg ansvaret som dei har kjempa seg til via val.
Flæte set også spørsmålsteikn ved om det er slik Naustdal vel å marknadsføre seg som ein god kommune å bli slått saman med, med tanke på at Førde, Jølster, Gaular og Naustdal no vurderer ei samanslåing.
Stor krise
Men uansett kor mykje Naustdal og andre kommunar tenkjer, så er krisa like stor. Mange står no overfor valet om å anten kutte i lovpålagde oppgåver eller få underskot. Men dette er ikkje eit reellt val for kommunane, dei må nemleg syte for begge deler, i følgje økonomirådgjevar hos Fylkesmannen, Ragnhild Fjærestad.
Staten kan gripe inn
Viss kommunen ikkje får budsjettet i balanse, vil dei kome under såkalla 'betinga kontroll' av Fylkesmannen og departementet. Det inneber at Fylkesmannen skal føre kontroll med kommunens økonomi.
Berre for ei veke sidan hamna Balestrand kommune under slik kontroll. Gulen, Vik Askvoll, Fjaler og Selje står frå før på lista over kommunar som er under betinga kontroll. Staten blandar seg altså inn, den same staten som mange meiner er skuld i uføret.
Her ser du lista over dei svartelista kommunane