Hopp til innhold

Fjøs vart moderne aktivitetshus

Inntil for få år sidan var fjøset til Ingeborg Slåtten fullt av dyr. No er mjølkefjøsen på Jølster gjort om til lyse flotte lokale for menneske med spesielle behov.

Ingeborg Slåtten

FJØS: Det er lite som minner om at dette ein gong var ein mjølkefjøs. Med unntak av ein, som står ved inngangen, er samtleg båsar fjerna, fortel Ingeborg Slåtten.

Foto: Hallstein Dvergsdal/Firda Tidend

– Det var no eg var klar for dette, ikkje for ti år sidan, fortel Ingeborg Slåtten til Firda Tidend.

Trist med tom fjøs

Slåtten har tjue års fartstid frå psykiatrien. Då bruket gjekk inn i samdrift bestemte ho seg for å prøve noko nytt.

– Eg tykte det var trist med den tome fjøsen, og eg likar å jobbe med kreative ting, fortel Slåtten til avisa om starten på det som skulle bli eit aktivitetshus utanom det vanlege.

Ideen var å skape sin eigen arbeidsplass, der ho kan bruke eiga utdanning og erfaring til å gje ungdom og vaksne i ein rehabiliterande fase innan psykiatrisk behandling, og demente i eit tidleg stadium.

Opna laurdag

Også Jølster kommune og Innovasjon Norge tykte om forretningsideen. Etableringsstipend resulterte i kurs og studiereiser, før aktivitetslokala stod klare i den tome mjølkefjøsen.

Laurdag var det opning av aktivitetshuset.

– Eg trur absolutt at dette er noko det er bruk for, all tilbakemelding frå potensielle brukarmiljø tyder på det, seier Slåtten til Firda Tidend.

Fulltidsjobb

Aktivitetshuset har eit variert tilbod både innandørs og utandørs. Brukarane kan velje mellom trearbeid i godt utstyrt snikkarverkstad, måling, tekstilarbeid, kjøkkenaktivitetar, musikk, dans og lesing.

Ute er det gode moglegheiter for å nyte naturen, mellom anna i sansehagen. Slåtten jobbar på sjukehuset i Førde, men håpar på sikt å ha aktivitetshuset som fulltidsarbeidsplass.

– Dette med demens og meistring av det, til dømes, er noko som er inne i tida. Men ting må alltid gå seg til, og det tek tid å innarbeide eit tilbod som dette i marknaden, seier ho til avisa.