Hopp til innhold

Fiskerinæringa hardast ramma

– Det er fiskerinæringa som merkar transportstreiken best no, seier 1. nestleiar i Norsk Transportarbeiderforbund, Lars Johnsen.

Han trur at den vanlege forbrukaren får merke streiken etter omlag ei veke.

– Då blir det mindre varer i butikkhyllene og då vil folk merke streiken.

Transportørane i eksportindustrien har vore i streik sidan laurdag, men først i dag får streiken full verknad.

Enno ikkje uroa

I forhandlingane om ny ei tariffavtale for Schenker og dei andre spedisjonsbedriftene vart partane ikkje einige i helga. Men trass i spådommane om at fiskenæringa blir hardast ramma i fylket, er det ingen av fiskebedriftene Domstein, Coast Seafood, Skaar Norway AS og Norwell AS som er urao for streiken enda.

– For Coast Seafood sin del har vi ikkje hatt noko avvik på den fisken som gjekk ut i helga. Streiken starta laurdag og vi har ikkje merka noko til den, seier administrerande direktør i Coast Seafood, Sverre Søraa.

Køyrer direkte til kundane

Men enkelte tiltak har bedrifta allereie sette i verk. Dei køyrer varene direkte til kunden.

– Vi må setje saman trailerane ute på pakkeria og ferdigstille dei der og så køyre fisken direkte til kundane i Europa. På den måten vil ikkje vi vil bli ramma av streiken.