Hopp til innhold

Fiskeeksportør krev betre ferje - må sende transportørar ut på lang og vanskeleg omveg

Sjømatprodusentane i Gulen fryktar for framtida dersom ikkje ferjekapasiteten blir betre. Når ferja ikkje går som den skal må dei sende transportørane sine ut på vegar som slett ikkje er eigna for tungtransport.

Fergekaien i Leirvåg

MÅ SNU HER: Carl-Erik Arnesen i Firda Seafood seier deira transportørar altfor ofte må snu når dei kjem til ferjekaia i Leirvåg.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Fiskeeksportøren Firda Seafood lastar kvar dag opp mellom åtte og ti vogntog med fisk som skal ut av landet. Men det er ikkje alltid like enkelt å kome seg til og frå anlegget på Byrknesøy.

Ferja på strekninga Leirvåg-Sløvåg blir for ofte kansellert på grunn av teknisk svikt, meiner administrerande direktør Carl-Erik Arnesen.

Det fører til store problem for dei, og om ikkje ferja blir betre fryktar Arnesen at kjøparane vil svikte bedrifta.

– Vi blir mindre konkurransedyktige, og kundane blir frustrerte når fisken ikkje kjem når den skal, seier Arnesen til NRK.no.

Må køyre på vegar som er ueigna for tungtransport

Sjømatbedriftene i Gulen omsette i fjor for nær 480 millionar kroner. Dagleg kjem mellom åtte og ti vogntog til Gulen for å frakte med seg fisk til Russland og den europeiske marknaden.

Men fiskeeksportøren opplever stadig vekk problem med ferja som skal ta vogntoga frå Leirvåg i Nordhordland til Sløvåg i Gulen.

Arnesen seier transportørane deira ofte opplever å kome til kaia, men så er ferja innstilt og vogntoga må dermed ta den lange omvegen tilbake til Knarvik, om E39 Romarheimsdalen, før turen går ut på fylkesvegar som ikkje er eigna for tungtransport.

– Kan føre til at kundane vel oss vekk

Dette er ein tur som kan ta to-tre timar, og det er ikkje bra for sjåførane, seier Arnesen.

– Sjåførane kjem gjerne langvegsfrå og har korte tidsfristar på seg. Dette er fersk fisk som skal ut i marknaden på spesielle tider.

Han seier det han meiner er for dårleg ferjeregularitet kan råke bedrifta hardt om ting ikkje betrar seg.

– Vi blir mindre leveringsdyktige, og mindre til å stole på. Og då risikerer vi at kundane vel oss vekk, seier Arnesen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Firda Seafood på Byrknesøy

HENTAR FISK: På Firda Seafood sitt anlegg på Byrknesøy sender dei kvar veke ut tonnevis med fersk fisk.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Krev betre ferje

Arnesen er klar over at det ligg i konsesjonskrava kva type ferje som skal gå, men har likevel skrive eit klokkeklart brev til Norled som driv ferjestrekninga. Der han ber dei om å ta ansvar.

– Vi krev at Norled brukar ei ferje som vi kan stole på. På ei så trafikkert og viktig ferjestrekning som Leirvåg-Sløvåg må dei ha betre materiell enn det som blir brukt der i dag meiner vi, seier han.

Kan ikkje love betring

Inge André Utåker som er regionsjef ferjer i Norled er kjend med kritikken, og beklagar at folk må vente på ferje. Men han kan ikkje love betring.

– Vi jobbar kontinuerleg med å betre den tekniske standarden på fartøya vi har i rute. Vi vurderer også om vi skal bytte ut det hovudfartøyet som vi har på denne strekninga med eit anna hovudfartøy.

– Men om det vil vesentleg betre regularitet er ikkje godt å seie noko om. Regulariteten er på over 99 prosent, og i november vart til dømes 1046 av 1046 turar gjennomført, seier Utåker.