Det var like før klokka 18.00 at det kom melding om at ein båt med fire personar om bord var i ferd med å søkke i Hjellestadosen utanfor Bergen.
Kort tid etter kunne Hovudredningssentralen i Sør-Noreg bekrefte at fire personar er henta opp frå sjøen. Det var to vaksne og to barn om bord i båten.
Redda seg til land med jetski
Lars Magne Drange var ein av dei som var i båten. Han var ute på sjøen saman med dottera si, ein gut og hans mor for å køyre jetski.
– Vi kom køyrande med båten i medsjø og plutseleg knekk baugen på båten rett av. Den tok inn store mengder vatn. Vi var tre i båten og ein person på jetski bak båten, fortel han til NRK.
Drange forklarar at dei brukte jetskien for å komme seg til land.
– Var det dramatisk?
– Det gjekk greitt dette, men sjølvsagt skulle ein ha vore forutan ein slik oppleving. Eg har ingen forklaring på kvifor baugen knakk. Det var berre små bølger.
Fått jolla i land
Den vesle båten er av typen Pioner. Dei fire personane er no frakta trygt i land ved Hjellestad kai.
– Ein person seier han har smerter i ein fot så det må vi få undersøkt, avsluttar operasjonsleiar Bjarte Rebnor i politiet.
Naudetatane rykka ut med alle ressursar då meldinga kom inn like før klokka 18.00.