I den førebelse siktinga opererer Økokrim med ein førstehandsverdi på fem millionar kroner. Det fortel politiinspektør Dag Styrvold. Det skal dreie seg om kvantum på opp mot 1000 tonn med fisk.
Uoversiktleg
Økokrim ransaka fredag ettermiddag hovudkontoret til Ervik-gruppa i Selje. Gruppa involverer mange selskap, og selskapsstrukturen er svært uoversiktleg, seier Styrvold. Han seier desse selskapa på ymse vis har vore med på at det har vore fiska ut over kvotane.
Omfattande
Dersom det selskapa er melde for er rett, ser Økokrim på dette som ei omfattande sak – både fordi så mange selskap er involvert, og fordi det er mange forhold dei er melde for.
Bøtlagd fleire gonger
Båtar frå Ervik-selskapet Ervik Havfiske har fleire gonger vore i Kystvakta og politiets søkelys. Selskapet har fått fleire bøter, mellom anna etter å ha vorte skulda for å ha hatt for mykje bifangst. Dagleg leiar Geir Solvåg har tidlegare sagt til NRK Sogn og Fjordane at reiarlaget nærmast systematisk blir utsett for trakassering og forfølging.