Men dessverre for målfolket er det nok ikkje språkpolitikk det handlar om når VG Nett har nynorsk tittel på toppsaka.
- Dette handlar om nynorskeksamen. Me ville laga ein artig vri på ei sak som elles er så tragisk for elevane, seier Libråten.
Saka handlar om avgangselevene på ein vidaregåande skule i Bærum, som vart sende heim av streikevakter då dei møtte opp til sidemålseksamen. Artikkelen er skriven på bokmål, og dette betyr ikkje at ein treng å heisa flagget i målkretsar.
- Det vert nok ikkje vanleg å kunne lesa nynorsk på VG Nett framover, nei. Dessverre må ein vel kanskje sei, når ein tenkjer på nynorskbrukarane, seier Libråten.