Har eit ferjebilete som eg tok i 1969 eller deromkring. Det var første gong eg såg ei ferje som kunne opne og lukke seg i baugen. Tidlegare var ferjene opne. Er ikkje sikker på kor dette er, men truleg ein stad i Sogn. Eg veit heller ikkje kva ferja heiter; men ein kan sjå delar av namnet på biletet, skriv innsendaren. Etter at vi la ut dette biletet har vi fått fleire epostar frå nettlesarane våre. Dei skriv at biletet er teke i Kinsarvik og at ferja er MF Hardingen. Denne HDS-ferja vart bygd hos Ankerløkken i i Florø i 1966, men visst ikkje vore i Sogn og Fjordane sidan.
Foto: Marit Langdedal Endestad