Hopp til innhold

No går begge ferjene - men du må likevel bu deg på ein times ventetid

Det er rydda opp i forskalingsmaterialane som stengde ferjekaien på Lavik i føremiddag. Begge ferjene som trafikkerer sambandet går no som normalt, men du må rekne med opp mot ein times ventetid.

Lang kø på Oppedal

LANG KØ: Slik ser det ut på Oppedal ferjekai klokka 15.00.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Dei har klart å rydde i forskalingsmaterialane som låg framfor kaien, og ferja går frå Lavik i 12-tida, seier vakthavande ved Vegtrafikksentralen i Sogn og Fjordane, Jan Erikstad.

Klokka 14.45 melder fleire reisande om lange køar, spesielt på Oppedal-sida.

– Eg ser at Fjord1 melder om opp mot ein times ventetid på sine sider, stadfestar Erikstad.

Lang kø på Oppedal

LANG LANG REKKJE: Klokka 14.45 nådde køen på Oppedal-sida heilt hit.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ferjesambandet vart stengt i 1030-tida på grunn av at forskalingsmaterialar hadde losna og hamna i Sognefjorden. Materialane låg slik til at ferja MS «Lifjord», som hadde ein ekspressbuss og fleire tyngre køyretøy om bord, ikkje klarte å leggje til kai.

Det pågår stort byggjearbeid på ferjekaien i Lavik i samband med oppgraderingar av ferjesambandet mellom Lavik og Oppedal. Det er forskalingsmaterialar som vert nytta i dette arbeidet som losna i dag tidleg, truleg av vêr og vind.

– Så vidt eg veit klarte dei å fjerne materialane ved hjelp av ein krane og ein jarnbom, seier Erikstad.

Måtte liggje og vente

MS «Lifjord» vart på grunn av oppryddingsarbeidet liggjande eit godt stykke frå kaien, i påvente av at oppryddinga skulle bli ferdig.

– Eg kan ikkje seie nøyaktig kor mykje som ligg og flyt i fjorden, for vi kan ikkje gå nært nok til at vi kan telje. Vi har varsla entreprenøren NCC, så får vi sjå kva som skjer, seier mannskap i styrehuset på ferja.

Ferja var langt frå full, men hadde ein ekspressbuss om bord, i tillegg til ein del tyngre køyretøy.

– Vi hadde 30 passasjerar om bord. Dei hadde det fint her, men dei ville jo sjølvsagt til land. Men vi måtte berre vente, seier mannskapet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Materialar i hamnebassenget ved Lavik ferjekai

MYKJE MATERIALAR: Det var mange lause plankar som lå og flaut ved Lavik ferjekai og førte til at ferja ikkje kune leggje til.

Foto: NRK-tipsar

Vinden lagar problem

I tillegg til at MS «Lifjord» ikkje kom seg til kai i føremiddag, hadde sambandet ytterlegare problem å stri med.

– Dei hadde problem med ei ferje på grunn av vinden, og ei stund var det berre ei ferje som gjekk. Men no går begge som normalt, seier Erikstad ved Vegtrafikksentralen.